|
Frå Buskerud kan Hafrsfjord Forlag tilby boka:
Bilete frå Hol - Kvardag og høgtid i gamle Hol -
formidla av fotografen Olav S. Reinton.
Reinton voks opp på klokkargarden Solvang like ved gamlekyrkja i Holet. Her levde han midt i sentrum av hendingane i bygda. Kan hende var det ved å studere det pulserande livet at fotografspira vart sådd i han. For dette var ikkje berre ein fotograf som skulle leve av å selje si teneste som portrettfotograf. Han foreviga daglegdagse situasjonar, som om han ante at bygda hans sto framføre endringar, og at det var viktig å gripe fatt i det gamle og bevare det for ettertida.
Me nemner frå innhaldet:
Oversynsbilete, Kyrkja - eit midtpunkt i bygda, Frå vogge til grav - høgtid og gjestebod, Draktskikkar, Born i leik og arbeid, Skule og foreiningar, Garden og jordbruksarbeidet, Me stig inn i stugu, Sekundær- og attåtnæringar, Tursime - ein ny næring veks fram, Kommunikasjon og samferdsle og til sist frå festen 14. juni 1914 - då bautasteinen vart avduka.
Boka er full av vakre, gamle bilete. Olav S. Reinton døydde i 1916.
160 sider. Kroner 329.-

|